Jula 2010 er blitt historie, for oss er den ei trist historie (grunnen til det kan du lese i forrige blogginnlegg). Det har vore mørke kvledar, med gode tankar og historier om ei tid som var. Gravfeda er over - den var nydeleg vakker med mykje fin musikk. Takk til alle som var med på å gjere den så fin.
No skal vi gøyme dei gode minna i hjerta våra og sjå framover. Dagane blir stadig lenger og lysare, det går mot vår - nytt liv skal vekse og gro. Men enn så lenge så har vinteren forstatt eit godt grep enda og kjem nok til å ha det ei god stund til, men det blir vår og sommar - ein vakker dag...
Eg har rydda vekk jula - nissar og englar er møysommeleg pakka inn i silkepapir og putta i store kasser, no skal dei ligge i dvale til jula 2011. Julelysa ute, skal få henge nokre dagar til, viss ikkje vinden røskar dei ned. Det har nemleg vore eit skikkeleg "roskevæir" i natt og i morgontimne i dag.
Helga har vore full av kontrastar. Fredag var det gravferd for den gode farmora mi, og søndag hadde vi barneselskap for sjefstrospå som er 3 år i dag. Tenk at ho er 3 år allereie, tida går altfor fort.
Laurdag hadde vi bakedag, og Benedict var sjefsbakar.
Toro si langpannekake er kjempegod på smak og enkel å lage (i tillegg til at den er glutenfri), så den har blitt ein sjokoladekakefavoritt her i huset.
Benedicte gledar seg til å få slikke slikkepotten - det er høgdepunktet i heile kakebakinga :)
Skulla ha tatt eit bilde av den ferdige kaka, men i kampens hete så vart det gløymt denne gongen. Bursdagsbarnet var svært fornøgd i allefall. Den var forma som ei krune med rosa smørkrem og med Benedicte 3 år, skrive på.
Alle jåledamer med respekt for seg sjølv, sminkar seg før eit selskap - og Benedicte er intet unntak.
1 kommentar:
Gratulerer med overstått til bursdagsbarnet i huset!
Ser ut til å ha vore ei knall kjekke feiring :D
Og ja, man må jåle sej :)
Legg inn en kommentar