Eg har somt nemnt tidlegare, uante mengder med restetråd som absolutt skulle ha vore brukt opp. Eg var så vidt i gang med det, men det vart så kjedeleg.
No i helga har eg hatt besøk av storejenta mi, som lenge har ønska seg ein mariusgenser, så i går kjøpte eg tråd og er no i full sving med strikking av voksengenser - trur faktisk det er den første "store" genseren eg strikkar, så det blir spennande å sjå korleis resultatet blir.
Det har vore eit skikkeleg ruskevær her i helga, så det har blitt lite uteaktivitetar, men vi gjer det beste ut av det, så i går tok vi oss ein tur på bading. Kjekt å sjå kor borna kosar seg i vatnet (sjølv om eg ikkje gjer det).
Ha ein fin søndag alle saman!
6 kommentarer:
Dette klarer du fint, Cecilie!!! Når eg klarte å strikke OL-gensar, så er dette ei smal sak for deg! Mariusgensar går aldri av moten! Forstår godt at ho ynskjer seg ein slik!
Eg er heilt imponert over folk som tek på seg slike store prosjekt og endatil med så mykje mønster. Sjøl har eg fått ei strikkedame her på Hadeland til å strikke meg ein Vancuver OL genser - gler meg masse til den blir ferdig:-))
Lykke til med arbeidet ditt.
jannetove
Heldig datter du har som får seg ei slik genser :) Flinke du e. Nyt søndagen min venn
Klem
Mariusgensar er så flott, forstår godt ho ønskar seg det, og spesielt kjekt når det er mora som har strikka den då! Dette går nok flott!
God søndag :)
Er heilt overbevist om at dette går som ein leik, og med ditt arbeidstempo er nok gensaren snart ferdig. Den modellen der er spesielt fin, skulle gjerne hatt den sjølv om eg då vel og merke gjekk litt meir innover enkelte plassar;-)
Tusen takk for støttande ord. Eg er framleis ved godt mot, men det går så seeeeint, vil gjerne vere ferdig med ein gong eg... kanskje det er derfor eg aldri har begynt på så store prosjekt før
Legg inn en kommentar