tirsdag 21. februar 2012

Då prøvar eg meg på eit aldri så lite comeback

Det har blitt lite med blogging på meg siste året, det er ikkje det at blogglysta er borte, men tiltaket har vore fråverande. Det har skjedd mykje det siste året, så har tenkt å lage eit lite tilbakeblikk på 2011 litt seinare - men det skal kome, eg lovar.

Må berre dele eit av dei tusen innfalla husets sjølvutnemnte prinsesse har gjort. I går kveld då eg kom heim frå jobb, såg eg at den fine blomstrande planta mi (med for meg ukjent namn) ikkje hadde ein einaste blomst igjen, men den fine engelen min, den sto så fint og blomstra. Kanskje ikkje akkurat slik eg hadde tenkt at det skulle vere, men lag gå.

Engelen har til og med blitt garasje for ein liten og raud brannbil, ja, ja, kreativiteten er iallefall ikkje noko å utsette på...

Engelen likar visst det nye kjoledekoreringa si, ser nesten ut som den syng av glede - det gjer ikkje eg...

Dette vart berre eit lite og kjapt innlegg, men eg er tilbake, så følg med framover for nye oppdateringar, har plutseleg så mykje eg vil blogge om, så no skal eg sette meg ned og lage ei liste over alle ideane mine.

Me sjåast om ikkje så altfor lenge

2 kommentarer:

Annika sa...

Kjekt å lese litt frå deg igjen!

Det ser forresten ut som blomsten er ei duftranke.

Engelen var flott :) Er det frå keramikken i Volda?

Cecilie sa...

Kan godt vere det er ei duftranke, den luktar iallefall ganske sterkt - ve og merke når der er bomster på den...

Engelen er kjøpt på Mekko i Volda, ja. Synest den er nydeleg. Var så heldig å få den i gåve med lissjesøstra mi :)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.