torsdag 10. mars 2011

Interiørhjelp frå husbonden

Eg har stort sett fått regjert på interiørfronten her i huset. Husbonden har igrunnen latt meg frå frie tøylar. Jauda, innimellom har han himla ganske so høgt av innfalla mine, men eg har alltid fått det siste ordet - heilt til no...


Etter jobb i dag, tok vi oss ein tur til Ulsteinvik, vi var på leit etter ein BMX-sykkel til bursdagsguten vår.   Det er ikkje enkelt å finne sykkel på denne tida av året, butikkane har så vidt begynt å få inn vårtinga sine, så sykkel fann vi ikkje i Ulsteinvik heller...

På leit etter ein sykkel dumpa vi visst innom Biltema...   Tilfeldig? neppe... Har store problem med å forstå korleis ein kan tråle opp og ned langs endelause reolar og sjå på skruar, fugemasse og andre usaklege ting, men det er visst ikkje alt ein skal forstå seg på heller. Det er jo mykje kjekkare å sjå på fine koppar og fat, dukar og stearinlys...




På denne "fantastiske" mannabutikken kom han over denne lommelykta som berre måtte bli med heim, har alltid hatt bruk for ei slik ei, dei er så kjekke... (sitat mannen)...

Eg tenkte vel at den kom til å bli plassert i garasja eller i kjellaren, men kor feil kan ein egentlig ta??? Då eg kom heim etter ei runde med bursdagsinvitasjonar saman med bursdagsbarnet, var den møysommelig plassert på kjøleskapet med sugekoppar!!! Ei lommelykt på lading fint hengt opp på kjøleskapet, godt kamuflert av lysestakar og påskeliljer. Er det mulig!

"Skal ikkje ej få lade lommelykta der ej vil i mitt eige hus en gong?" Hjelp kvar skal dette ende!




Då eg ikkje trudde det kunne bli verre, jauda, då vart det verre! Kjære vene, fugeskum i vinduskarmen på stua?




For den spesielt interesserte, så har eg snudd flaska, eller kva det no i alle dagar heiter, slik at etiketten kjem til syne.


Ha ein fin kveld!

3 kommentarer:

Linda - HJERTEHUSET sa...

hehe så vittig!
Mannfolk altså!!;-)
Linda:-)

Loise sa...

Du skal sjå du får konkurranse på interiørfronten;) Fugeskum/isolasjonsskum er veldig kjekt å ha, også så dekorative og fargespreke no til våren... og så kan du imponere han med å spørre om han bruka å skjære vekk det overflødige som tyt ut... og svara han ja på det, ja da kan du briljere med at det er heilt feil, da øydelegg ein isoalsjonsevna ved å skjere i det. Viser seg at minst 80% av brukarane gjer denne feilen, og det står ikkje på boksa ein gong. So no veit du, e det berre å imponere:-D

Med kjæleik til livet sa...

tjo hooo....
snubla inn i bloggen din - koselig
fine bilder og koselig tekst ;)

måtte le litt av den lommelykta greiene - men egentlig så må dei jo få litt plass dissa mannanen våre også - litt ;)

Nyt dagen - smil fra monika

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.