tirsdag 4. november 2008

Når tårene trillar

I dag er ein av dei dagane der tårene sit laust. Eg veit ikkje kvifor somme dagar er slik, men det er vel ein måte å få avreagert på. Det har ikkje hendt noko spesielt, tårene renn likevel. Det har vore så mykje å tenke på dei siste dagane. Benedicte er sjuk for første gong, eg er bekymra og redd. Kvifor eg er det, veit eg ikkje, ho er ikkje alvorleg sjuk, berre snårete og hostar, men likevel renn tårene

Etter at eg fekk born nr. tre, har tårene site ekstra laust, det skal ikkje mykje til for å vippe meg av pinnen. Ein kjærleg klem frå ein eg er glad i. Lubne småskitne barnehender som held trygt rundt mamma sin hals. Eit lite kjærteikn i kvardagen, og tårene renn.

Det er ikkje alltid det passar seg at desse hersens tårene trillar. Søndag køyrde eg forbi kyrkjegarden, det var Allehelgensdag og det lyste så fint frå alle gravene, då rann tårene. Eg tenkte på kor eg sakna mormora og morfaren min. Tenk kor glade og stolte dei hadde vore dersom dei hadde fått oppleve dei flotte borna mine, men det fekk dei dessverre ikkje.

Det er ikkje alltid det passar seg at desse hersens tårene trillar. På skulefestar der alle dei små borna syng av full hals, får tårene til å renne. Barnetoget med alle dei festpynta borna på 17. mai, får tårene mine til å trille. Tårene trillar i barnedåp, konfirmasjon og bryllaup, eg føler meg ofte litt dum når desse tårene til stadigheit flaumar over, men slik er eg altså. Lett for å ta til tårene.

Ha ein flott kveld alle saman, eg må sta å tørke tårene mine...

4 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

...hihi...kjenner meg att her ja...så lettrørt. Det som irriterar meg mest er at eg aldri kan bli sint utan å ta til tårer. Slik har eg alltid vore og det er SÅ kjedeleg......

Ligg eit utfordring til deg på bloggen min.

Ha ei super veke:)

Astrid sa...

Eg og er av den lettrørte sorten, det er ikkje alltid like greitt nei!
I går sat eg heime og såg finale i "So you think you can dance", då rann tårene mine... Ser eg ei mor eller ein far som ser stolt på ungen sin, ja då har du meg med tårer i augene. Les eg noko rørande i ei bok, då renn tårene... Ser eg idrettsglede, renn tårene... Du kan seie at tårene sin laust med meg, og det har verka som at eg er den "verste" som eg veit om når det gjeld dette. Difor var det godt å høyre at der er andre som kanskje har det som meg.

Håpar at det bra med vesle, skjønne Benedicte, det er ikkje godt når ungane er sjuke.
God betring i alle fall!

Astrid sa...

Gløymde å skrive at du har fått ei utmerking med meg, ligg under innlegget 4.nov. :)

Monika sa...

Heia - lov å ta til tårer ein og anna gangen - godt å få lov også ein og anna gangen
Fine blogg du har
smil fra monika

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.