
Etter mange dagar med surt ruskevær, var det endeleg så pass at vi kunne ta med oss Benedicte ut. Ho har aldri vore ute i snøven før, så det var veldig spennande. I starten var ho rett nok litt sint, men det var før ho fann ut korleis ho skulle bevege seg og kome seg framover med alle dei tjukke kleda på.


4 kommentarer:
Herlege ungar du har Cecilie:)
Her har vi også kosa oss ute i mengder med fin puddersnø. Ski og akebrett vart leita fram, og jammen hadde dei ikkje trått til å halde på ei stund også! Raude kinn og snårete naser hadde dei, men du kor kjekt:D
No kryssar vi fingrane for eit vidare fint vintervêr, regnet kan berre våge seg!!
Ha ein fin laurdagskveld Cecilie:)
Ja, no e det litt kjekkare når ungane kan få leike litt i snøen... Benedicte var no bra skjønn i rosa dressen sin!
Monica
Kor kjekt å vere ute i snøen!Vi gled oss til i morgon, skal bruke mykje av dagen til å vere ute å leike..E so deilig å endelig få vere ute..Følar det har våre regn og vått i evigheiter no..
Ser at lille jenta di har same jakke som Cornelia..E god og varm den jakka :)
Ha ein fin vinter dag i morgon også :)
ååå...dei e so gode :) Men rart å sjå at de he vårte vinter heime, å her sitte ej i over 30 varmegrade...
Legg inn en kommentar