fredag 28. november 2008

Sjå kor flotte dei er

I dag har det vore mote- og hårshow på Amfi-senteret her i bygda. Dei to eldste borna mine, Silje og Eirik gjekk hårmodellar for Chess frisør.


Silje viste ei fin festfrisyre. Håret var satt opp og hadde store krøllar. Ho var verkeleg flott. Dronninga vår som vi kallar henne.

Eirik hadde fått ein tøff klipp, stripa håret med lyse striper og farga det med blåsvart i luggen og langs kanten nede på håret bak. Han var "dritstili".

Eg er verkelg stolt over desse flotte ungdomane mine.

4 kommentarer:

Tove sa...

Eg såg Eirik med ny sveis på skule i dag - skikkeleg tøffing! Eldstejenta di er alldeles nydeleg! Hugsar henne frå då ho gjekk på skulen vår, såg så roleg og reflektert ut - og naturleg vakker! Ho har det vel etter mor si!!!!!

Nitsirk sa...

Kor fine dei var:) Eg stod på hovudet i vaskebøtte og i skapet på leiting etter adventsstæsj, så det vart ikkje noko moteshow på meg.

AnneGrethe7 sa...

Stili...skikkeleg dronning var Silje.mor og eirik var tøff ja. Sikker på at du var stolt...det hadde eg vore :)

Klem

Laila sa...

Dei var skikkeleg tøffe!! Kjekke ungdomar som vi ser av og til her i "tunet". Forstår godt du er stolt av desse to:) Og dei to små sjølvsagt..

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.