Tradisjonen tru, så har vi baka julemannar i dag. Det gjer vi alltid 1. søndag i advent. Då pakkar vi kjevler og forkle og tek turen til mamma i Volda, der brukar vi å samlast å bake saman. I år vart det likevel litt annleis, for Camilla og Jan Erik er i Thailand, så dei var der ikkje, men Martin og Leah var med og hjalp til.
Joakim kjem nok til å bli bakar når han vert stor, han elskar å bake og kjevle. Han kan halde på i timesvis.
Benedicte var for det meste tilskodar, ho prøvesmakte litt på julemanndeiga, men det kom fort ut att. Det smakte visst ikkje noko særleg.
Vi har også rukke å få med oss juletretenning oppe i Skåla i ettermiddag. Vi pakka på oss tjukke og gode kle, leita fram hovudlykter sette Benedicte opp i bæremeisa og traska oss oppover skålavegen. Vel oppe var det medaljar til alle borna og salg av julebrus, kaker, muffins og gløgg. Vi song nokren julesongar og lysa på "treet" vart tende. (bilete er litt dårleg, men slik vart det).Nissen kom også fram for å sjå kva som gjekk føre seg oppe på fjellet denne søndagen.
søndag 30. november 2008
Kalender, julemannar og julegrantenning
No er det på tide å få opp adventskalenderane til borna. Eg har laga dei kvar sin, med namnet deira brodert øverst oppe. Eg er ganske stolt av desse kalenderane, det var litt av eit arbeid å brodere dei, men resultatet er eg strålande fornøgd med. Det som er det verste med desse kalenderane, er å finne på ting å ha inni pakkane som skal henge på. Eg har i boks alle smågåvene til Silje, Eirik og Joakim, men det er verre med Benedicte, kva i alle dagar gir ein ei lita prinsesse på 11 mnd? Har kjøpt nye smokkar og litt hårpynt, badeleiker og litt anna.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Å VÆRE STERK
Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.
2 kommentarer:
Kor koselig å bake julemanna, får slike gode juleminne frå då eg sjølv var lita på kjøkkenet til mamma og pappa..Her hekje vi komt so longt..Men vi skal ivertfall få til ein slik dag før jul..Ungane elska no å bake :)
Mmmm deilig!! Godt med julemanna, ej he heller ikkje komt så longt som til å ha starta med julebakst.. MEN no er bursdags-feiringane over og eg kan tenke jul...
Flotte dei vart kalendarane!! Du he visst stått på forstår eg! :-)
Monica
Legg inn en kommentar