onsdag 8. oktober 2008

Rosa sløyfe-aksjonen



Vart så inspirert av Anne Grethe på http://www.theworldofsandnes.blogspot.com/ om å skrive

litt om rosa sløyfe-aksjonen. Dette er noko som eg brenn veldig for. Har sjølv sett korleis denne snikande sjukdomen øydelegg eit menneske. Mi kjære mamma fekk denne diagnosa for tre år sidan, det var tøft for oss å sjå korleis ho kjempa seg gjennom cellegiftkur på cellegiftkur og deretter veker med stråling kvar dag. No er ho heldigvis frisk, men det er så altfor mange som ikkje blir frisk. Det er difor svært viktig med forsking på dette temaet, slik at flest mogleg kan få bli friske og aller helst at kreften blir oppdaga på eit tidleg stadium slik at ein slepp å gå igjennom månader og kanskje år med liding og behandling.

Eg oppfordrar alle om å støtte årets rosa sløyfe-aksjon i solidaritet med alle dei tapre kvinnen som har kjempa seg gjennom sjukdomen og vunne og ikkje minst for alle dei som har tapt kampen.

3 kommentarer:

AnneGrethe7 sa...

Ja, det er ei viktig sak som vi MÅ støtte, godt mor di vart frisk.
Flott at du skriv om det Cecilie...vart rørt ej over måten du skriv på:) Du er flink til å ordleggje deg.

Dressen ligg her og ej er litt treig av meg, men ta dej en tur du når du he fri...kaffen e alltid klar:) Send mej ei melding berre so du er sikker på at ej ikkje e ute og trilla.

Nunne sa...

Såg du skrev du var NY blogger...derfor har jeg bare lyst, i full fart, å stikke innom og si HEI!
Gratulere med vel overståtte dager!
Ser mere siden.... artig med nye bekjentskap!
Hilsen fra nord...fra Nunne

Nitsirk sa...

Eg synst det er flott at du tek opp ei så viktig sak i bloggen din. Brystkreft, og alle andre former for kreft, bør forskast på. Ein veit aldri kven denne frykelege sjukdommen råkar. Det er difor viktig at ein støttar opp om ei så viktig sak.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.