fredag 10. oktober 2008

Sykkelreparatør Reodor Felgen






Som eg nemnte i innlegget mitt i går, så passa eg to av tanteungane mine i går. Sidan det var så fint ute, ville gutane ut å sykle. Joakim hadde sin egen sykkel, men Andrè hadde ikkje med seg, så han måtte få låne. I garasjekjellaren har vi eit rikt utval av diverse utrangerte syklar som vi ikkje har hjerte til å kaste. Vi kan jo få bruk for dei ein dag. Og nettopp det fekk vi denne dagen.
Bakdekket var sjølvsagt flatt, så gutane gjekk laust med liv og lysst for å pumpe det opp, men uansett korleis dei pumpa og bles var dekket flatt. Dekket vart difor nøye undersøkt av desse to ivrige sykkelreparatørane, og dei kom fram til at det var hol i dekket. Som var sant nok, i og med at det var heilt oppmorkna...




Då kom dei på den superglupe idèen (vel og merke i følgje seg sjølve), at viss den eine heldt handa framfor holet og den andre pumpa luft med ei pumpe - som sikkert lak luft nok til å halde i live ein middels stor mann, så ville nok lufta halde seg inne i allefall ei lita stund. Og som sagt så gjort. Denne idèen fungerte sjølvsagt dårleg, så det enda med at karane gjekk på skattejakt i garasjekjellaren. Der fann dei mykje som både kan nemnast og det som ikkje bør nemnast...




Dei enda iallefall opp med å sykle på trehjulsykkel og trøtraktor og var vel fornøgde med det.





3 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Flinke gutter!!! :)
Takk for kommentar. Og eg vil ønske deg ei riktig god helg. Her er ein liten som er feridg med tålmodigheita si og vil ha pupp :)
Vi snakkast!!
Klem

Nitsirk sa...

Kreative karar:) Ser ut til at dei kosa seg som sykkelreparatøra:)

Astrid sa...

Flinke dei er!
Eg har noko til deg på bloggen min!
Synest du fortenar ein slik;)
God fredagskveld til deg og dine!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.