Eg har lenge hatt ønske om å få ei hushjelp her i huset. Ei som kan kome heim til oss for å rydde litt og vaske , ein gong i veka ville eg ha ei sånn hjelp. No er eg komen i den situasjonen at eg har fått ei slik hjelp. Eg treng faktisk ikkje betale eit øre for hjelpa heller... eg må berre bruke dobbelt så lang tid på rydding etter at ryddehjelpa er ferdig med jobben.

Her er mi nye hushjelp i full gang med å rydde i bokhylla der vi har gamle VHS-filmar (jada, eg veit at det ikkje er heilt up-to-date å ha det, men vi har det likevel vi) Det er veldig spennande å ta filmane ut av etuiet og hive dei utover golvet, så får mamma noko å styre med etterpå...


Her er Benedicte i full gang med å hjelpe til med å legge saman kle. Ein jobb som mor i huset HATAR!!!


Her er restane etter den fine engelen min... Delen heilt til venstre, hadde Bendeicte i munnen...
4 kommentarer:
Du har iallefall den aller skjønnaste hushjelpa eg har sett:)
Flinke ho e å hjelpe til..å so store ho he vårte, e no so lenge sida ej he sett ne å dolla me ne. Ska dokke til volda i morgå? :)
Så str ho har blitt!!! Tida går verkelig fort!!
Ho er ein god hushjelp ser eg :) Så sjønn!!
Skummelt når dei har begynt å putte ting i munnen...man må bare følge med!!
Ha ei fin helg, så sjåast vi på klubb hos deg snart :)
Klem
Ho her hadde gjort seg finfint saman med dei fem som spring rundt her, dei klarer alltid å få tak i nokre nøste som dei dreg ut over heile stova i si fulle lengde, helst gjennom nokre tissesøyler. Har plassert strikkekorga i ein stol, men likevel hadde dei fått tak i to nye nøste da eg var ute ei stund i dag. Mistenker Ditamor for å være delaktig her..
Legg inn en kommentar