fredag 24. oktober 2008

FN-dagen

I går hadde klassa til Joakim invitert til foreldrefest for å markere FN-dagen. Dei heldt først ein fantastisk flott konsert i gymsalen saman med klasse 1A, før klassene gjekk kvar til sitt for å ete deilig mat og kose seg med kaffe og brus på klasseroma.


Eg er heilt imponert over kor flinke dei var å opptre desse små elevane i 1. klasse. Dei underheldt med song og diktlesing. Temaet var at alle skulle vere vener med kvarandre, og det var rørande for eit lettrørt morshjarte å sjå desse skjønne borna kor vakkert dei song om venskap og kjærleik til kvarandre.


Gymsalen der desse utruleg flinke borna underheldt, var pynta med ein stor globus, mange lys (og då meinar eg verkeleg mange), FN-flagga og ein vakker bukett med litt smånervøse og ivrige 1.-klassingar.

Ein av songane dei song var: STOPP! ikkje mobb, dette her er kameraten min. Den var veldig fengande og borna song av full hals og gjorde flotte rørsler til. Denne songen trur eg at Joakim må lære meg, for teksta på den, er verdt å ta med seg vidare på livets veg.

Eg må berre bøye meg i støvet for lærarane til desse to 1.-klassene på Vikemarka skule, dei er to fantastiske lærarar.

Tusen takk for ein fantastisk konsert og ein koselg kveld!

Ingen kommentarer:

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.