tirsdag 8. februar 2011

Velkomen inn

Tenkte å invitere lesarane mine inn i gangen vår, i dag. Eg har tidlegare vist fram eine barneromet, og soveromet til husbonden og meg - så no tenkte eg at dokke skulle få ein liten kik inn i gangen.

Før jul, kjøpte eg desse fine sinkhusa på ein eller annan nettbutikk som eg desverre ikkje hugsar namnet på. Kanskje nokon av lesarane veit det??? Tips blir tatt i mot med stor takk, for der var mykje anna som eg kunne tenkt meg også.


I går tok eg meg på tak og rydda vekk sko som vi aldri brukar, eller som blir lite brukt, så no får vi faktisk plass til skona vår i skohylla. Er utruleg kor fort det samlar seg opp med sko som ikkje blir brukte lenger, borna sine føter veks som "ugras" så det vart ein pose med for små sko + ein del som skal få stå i kjellargangen og nokre som skal få stå i garasja. Det er deilig å få renska opp litt av og til (her blir det ikkje gjort så altfor ofte, skippertak er så absolutt mi greie), men no er det altså gjort.


Det er deilig å ha stor og god gang, med mykje oppbevaringsplass (sjølv om ein nok aldri får nok av det) når ein har huset fullt av born i alle aldrar. Problemet er berre å få dei til å legge hanskar, huer, jakker og skjerf på rett plass, så kvar morgon er det eit evig kaos for å finne akkurat dei hanskane eller den hua. Hmmmm, det hjalp lite at kvart barn fekk kvar si skuffe til både hanskar, huer og skjerf. No er Lillegull sine Hello Kitty-huer blanda med huer og vottar med dødninghaud på - eg gir snart opp... Er det berre her hos oss det er slik???


Å seie at eg elskar å rydde og vaske, ville vere å lyge - og det er ikkje fint, så derfor gjekk eg til anskaffelse av dette skiltet, teksta talar for seg...


Det desidert mest brukte skotøyet mitt - støvlane mine. Veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan dei, her er alltid (vertfall nesten alltidt) vått og slapsete, og då er det godt å ha gode støvlar som held meg tørr og varm på føtene. Det spørs om det er desse eg lyt hoppe i, når eg snart skal ut og måke den enorme brøytekanten av våt snøslaps...


Det har snøva ein del i natt, og det gjekk lenge før skrapa var her og gjorde vegen opp, farbar, men no har den vore her. Til mi store fortviling, så etterlot den seg sikkert ti tonn med tung og våt snø i innkjørsla vår. eg kvir meg på å gå ut for å måke den vekk, men eg får sjå det positive i det - eg får god trening av musklar som eg sjeldan brukar :)


Eg tek imot bloggetips med stor takk, eg er så tom for idèar for tida. Kanskje skal det kome eit lite innlegg om framgangen på mariusgenseren som eg held på med?  Vi får sjå

Ha en fin dag alle saman.

4 kommentarer:

Janne Tove sa...

Åhh for ein stor og flott gang de har - blir reint missunneleg....eg skal ikkje blogge om gangen vår trur eg:-))
Men eg misunner deg ikkje den sure brøytekanten der....Her på Hadeland har vi sol og 3-4 cm med nysnø i dag - det er så utruleg vakkert og eg er så inderleg glad for at eg flytta frå Ørsta og det ustabile vinterveiret der. Du får tenkje positivt og berre brette opp armane å få tatt kanten - er så godt med alt som er gjort.

Ha ein fin fin dag

Malin sa...

Takk for hyggelig kommentar. Og artig å sjå at du e "nestennabo" med barndomsheimen min (haraldsgata) :)

Guttemamma sa...

Tusen takk for hislen på bloggen min! Kjempefin gang dere har!
mvh Anette♥

Guttemamma sa...

...hilsen skulle det stå...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.