lørdag 17. oktober 2009

prosjekt gang og litt til

Endeleg har vi mala gangen. Har igrunnen gått og irritert meg over den stadig gulare panelen som var der før. Forrige laurdag heiv vi oss rundt og begynte, og resultatet er eg strålande nøgd med. No gjenstår berre gangen oppe og tre soverom... men det får kome etterkvart.


Malinga gjekk unna, trudde faktisk at det kom til å ta lenger tid enn det gjorde. Vi begynte laurdagskvelden, Arild hadde av listene medan eg bar dei ut, så var det berre å begynne malinga. Vi heldt på til klokka halv to natt til søndag. Det var så godt å sleppe å få hjelp av små hjelpsame hender... Vi fekk ferdig taket - tre strøk måtte til, så fekk vi grunna veggane. Søndag vart veggane ferdige. Der heldt det med to strøk. Arild var så snill å mala listene, så no er der blitt berre sååå lekkert.

Er ganske så fornøgd med resultatet :)


Knaggrekka har eg hatt liggande lenge, har liksom ikkje heilt funne ut kvar den skulle henge, men no har den funne plassen sin. Den søte veska, kjøpte eg i barnehagen til Benedicte for 55 kroner. Synest den var berre nydelelg.




For ei tid tilbake, kjøpte mamma og pappa eit gamalt hus etter to gamle systre. Dei sto oss svært nær og har følgt familia vår i mange generasjonar. Alle høgtider og merkedagar har vi feira saman med desse to hjertevarme damene. Etter at arvingane deira hadde tømt huset, sto det att eit gamalt skap i kjellaren. Det var mottete, nedstøva og fullt av spindelvev. Eg såg at dette kunne bli eit supert prosjekt, så vi tok det ut og vaska det reint, smurde det inn med mottmiddel og mala det.


No står det i stua vår og er blitt eit flott smykke og blikkfang.


På toppen av skapet, sit to porselensdukker som eg fekk då eg var lita. Dei har sett sine bedre dagar, men eg synest at dei passa så godt på dette gamle skapet.


Eg ynskjer alle kjende og ukjende som kikar innom bloggen min ein flott kveld.

Me sjåast

4 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Gratulerer med ny gang :)
Fint blei det ja!!
Kjekt med fornying tenker eg.
Skaptet er nydelig. Der var du heldig!
Ha en fin kveld
Klem

Loise sa...

Så fint det vart på gangen, godt når det vert lyst, og verkar med ein gong både større og reinare. Har ein mørk begredelig gang her og, med elendig belysning, gamle "lyskasser" frå 70-talet. Dei stel meir lys enn dei gir nesten..

Tonje sa...

Trur ej må ha mej en tur på "inspeksjon" snart :o)

<3 Klem <3

~♥~ Monica S sa...

RETT SÅ LEKKERT!!. må vel ta meg ein tur bortom en dag og sjå "live" hehe!! :-)

klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.