torsdag 1. januar 2009

Nyttårsfeiringa vår

Nyttårsaftan feira vi her heime i Grepalia. Benedicte var litt skeptisk til alle smellane og blinkane, så i standen for at ho skulle vokna av dette og verte redd, så fekk ho være med ut og sjå på dette merkelege greiene. Ho sat godt plassert i vogna si, med hørselsvern på seg. Ho kika og kika og var heilt still nesten ein heil time. Det var nok mange inntrykk som vart bearbeida i det vesle hovudet desse første minutta av 2009.




Joakim var røynd i faget og var pyroteknikaren vår. (neida, han fekk ikkje fyre på fyrverkeri). han organiserte og styrte og bestemte kva som skulle fyrast opp. han var mildt sagt ellevill heile dagen og gledde seg voldsomt til vi skulle fyre opp alle rakettene. vi hadde kjøpt inn litt fyrverkeri sjølve og pappa og Joakim hadde våre på fyrverkerihandel og handla litt også (mykje), men likevel måtte Arild avgarde å kjøpe meir, for Joakim hadde ikkje fått nokon kinaputt, og det måtte vi sjølvsagt ha, meinte han. (sjølv om han ikkje heilt visste kva det var for noko).
Joakim og Arild på verandaen vår og nyt den flotte utsikta og alle rakettene som ørstingane sende opp.

GODT NYTT ÅR ALLE BLOGGVENER

4 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Godt nytt år ja!! :-) Takk for sist!

Du.. her ligg ei utmerking til deg inne hos meg... litt ned på sida no... ;-)

Monica

~♥~ Monica S sa...

PS! tenkte ej berre skulle nemmne at det er BEnedikte som er på det bildet med Arild???

Monica

Astrid sa...

Så søt ho er, vesle Benedicte med hørselsvern på seg:) Sikkert fornuftig at fekk vere med å sjå istadenfor å ligge inne å verte skremd av alle lydane.
Eg huskar godt første nyttårsaftan til tvillingane, dei vart akkurat eitt år 1.januar. Eg låg heime med dei i leilegheita nedi vik, Svein Erik var saman med jentene på nyttårsbesøk. Eg sette på videospelaren med Lillefot i, skrudde opp volumet for å døyve litt av alle smella utanfrå. Tvillingane låg urolege i sengane sine, men dei sov heldigvis:)
GODT NYTT ÅR til deg og dine, takk for bloggvenskapen din i 2008:)

Tove sa...

Gratulerer så mykje med dagen til lissjesnuppa! Var så fint bilete i avisa.... Med ynskje om ei god helg!

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.