lørdag 10. januar 2009

1 år er gått...

Tenk at det er eit år sidan Benedicte vart fødd. Det er ikkje til å tru. Tida har berre floge av stad. Vi har hatt eit fantastisk år, dette første året til Benedicte. Ho kom som ei litt forseinka nyttårrakett seint om kvelden 10. januar 2008. Det heile var over på under ein time, det var så godt å få henne i armane sine, og berre stryke på den varme og mjuke babyhuda. Du var så nydeleg der du låg i armane mine. små undrande auge som kika seg rundt og lurt på kva som gjekk føre seg.

Det har vore ei eventyrleg reise vi har hatt dette året Benedicte, og lenge og langt skal reisa vare. Vi kosar oss slik ilag, eg og du. Lisje underet mitt. Tenker tilbake på oktoberdagen då eg vart sendt til Ålesund sjukehus med åpning, og du ville ut. Vi klarte å stoppe fødselen, for å bli fødd i veke 23 er risikofylt, men du klamra deg til mammaen din, heldt ut og vaks deg stor og sterk.
I dag har vi feira deg frå morgon til kveld. Vi har hatt besøk av tanter, onklar, søskenbarn, besteforeldre og ei oldemor. Her var fullt hus og stormande jubel. skal legge ut bilete av feiringa i neste innlegg.

Gratulerer med dagen lisje vennen min

6 kommentarer:

Nunne sa...

Å gratulere med dagen!
No veit jeg tre stk som fyller dag idag..
1 år, 54 år og 58 år...
Merkelig så fort tiden flyr, sier vi...
Underet ditt er nydelig, ta godt vare på dagene, ukene, årene sammen med henne... de flyr så fort!
God helg til bursdagsbarnet og mamman.

~♥~ Monica S sa...

Gratulerer med dagen!! :-)
Ho e no berre so skjønne!!

Monica

Astrid sa...

Gratulerer så mykje med 1 års dagen i går!
Det var så rørande å lese det du hadde skrive.
Håpar at dokke har hatt ei flott feiring av skjønne Benedicte:)
Fortsatt god bursdagshelg!

Anna Lisa sa...

Gratulerer så mykje med go`jenta. Ho er blitt så stor og rart kor fort tida har gått.
Ønska dokke ein fin søndag.
Klem

Ida Mari... sa...

Gratulerer så mykje med dagen som var! Var ikkje klar over at begge jentene hadde bursdag på same dag..:)
Her har det våre feiring heile helga, med mykje besøk..
Kjekt med slike dagar, men helga reiste så alt for fort..
No søv ivertfall bursdagsbarnet her i heimen godt i senga si, var stuptrøtt etter siste selskapet.. Tek på å være 3-åring:)

AnneGrethe7 sa...

Gratulerer så mykje med dagen til ei skjønn lita prinsesse....det er vemodig kor fort tida går og med eitt er dei store ....vi må kose oss no medan dei er små :)

Ønskjer deg ein fin måndag:)

Må treffast og ta ein kaffi ein dag :)

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.