onsdag 21. januar 2009

Heimedag med Benedicte

Så var det på an igjen med ei ny runde med sjukdom hos Benedicte. Det er vel ofte slik når dei byrjar i barnehage for første gong, at dei blir mykje sjuke.

Forrige veke var det augebetennelse og feber, no har augebetennelsen vorte bra og no er det øyrene som står for tur. Kraftig øyrebetennelse i begge øyrene sa doktoren i går. Stakars lisje vennen min. Sidan Arild var heime med prinsessa forrige veke, er det eg som må til pers no.

Etter at vi hadde køyrt Joakim og Silje på skulen, laga vi like godt ei bolledeig. Vi må finne på noko kjekt no når vi er heime saman.



Eg skal ikkje skryte på meg at eg er ein kløppar i gjærdeiger og at eg elska å bake, for det er eg nemleg ikkje. Bollane er laga av to pakkar med bollemix, men av erfaring veit eg at resultatet brukar å bli bra. (så kvifor gamble på eit resultat som blir vellukka?)
Vi (rettare sagt eg, sidan Benedicte stort sett sat og såg på) laga både vanlege bolla, kanelbollar og solskinsbollar.


Her er resultatet. Vi skal nok kose oss bra, Benedicte og eg når ho vaknar. No ligg ho og søv trygt og godt i senga si saman med totten og kosekluten sin.

3 kommentarer:

Annika sa...

Stakkars vesle venn som er sjuk. Men baksten såg iallfall god ut!

God bedring til veslejenta:)

~♥~ Monica S sa...

ÅÅåååå stakkars lita!! MEN det er vel likevel litt kos å få være heime med mamma.. spesielt når ho fe gode bolla og greier når ho våkna!! :-)
God bedring!!

Monica

Anna Lisa sa...

mmmmm....kor deilig!!
Stakkar lita som er sjuk. Håpa ho kjem seg snart og fort til hektene igjen.
Ha ein fin dag imorgå.
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.