Har fått ei utfordring frå Tove i bloggen http://tovehd.blogspot.com/. Den utfordringa tek eg sjølvsagt på strak arm.
4 favoritt TV-program:
Åndenes makt (er veldig fascinert av det overnaturlege)
Et lite stykke Thailand (ein hærleg og ekte serie om det å få seg ei thaidame)
Criminal Minds (må ha litt spenning i kvardagen)
Div. oppussingsseriar på ulike kanalar (for å få litt inspirasjon og gode idèar)
4 ting eg gjorde i går:
Var ei lita slyngerunde ned i Vik saman med Arild, Joakim og Benedicte.
Begynte å strikke ny genser til Benedicte.
Var på besøk med mamma og pappa og hjalp til med å tøme kakeboksene etter jul.
Laga deilig heimelaga pizza til kvelds.
4 ting eg ser fram til:
At hagen vår skal bli ferdig (no er her berre store moldhaugar med masse ugras på)
Få laga til kjellaren skikkeleg, med nye rom til dei to eldste borna mine
Påskeferien, for då reiser vi forhåpentlelgvis på hytta
Å verte gjeldsfri... (om leeeeenge)
4 favoritt restaurantar:
Hmmm... trur ikkje her her så mange restaurantar på mange mils omkrets eg... Kina-restauranten har god mat, så den må vel nemnast her, men elles så veit ikkje eg.
4 ting på ønskelista mi:
At borna mine får ein god og trygg oppvekst
Ny kjellartrapp
Flat mage ;) (hi hi hi, det er visst uoppnåeleg)
at alle mine får ha ei god helse fri for sjukdom og elendigheit
Denne utfordringa vel eg å gi vidare til alle som er innom bloggen min no i kveld.
Ha en flott søndagskveld alle saman
2 kommentarer:
Artig å lese dette :) Kansje eg tar utfordringa også:) Føler eg har lite å blogge om for tida.
Får sjå.
Ønska deg ei fin ny veke
Klem
Måtte le litt Cecilie.. ej he fått samme utfordring.. og vi e visst litt like :-D hehe!
Monica
Legg inn en kommentar