torsdag 11. desember 2008

No nærmar det seg tida for å starte på jobb att. Etter endt permisjon, skal eg begynne å jobbe igjen. Etter eit år med mammapermisjon, skal det bli hardt å kome tilbake på jobb. Benedicte har heldigvis fått plass i barnehage, og skal på tilvenning der allereie på mandag. Det er med tung hjerte at eg må levere Lillegull til andre, men slik er det berre.



Etter mykje ringing rundt til ulike barnehagar i Ørsta kommune, fekk vi beskjed om at det ikkje var nokon ledige plassar. Vi hadde dagmamma-annonse i avisa, med heller labert resultat, så det var tilløp til panikk i heimen. Kven skulle passe Benedicte når eg skulle begynne på jobb igjen??? Vi har ei farmor som er pensjonist, men eg synest at bestemødre må få være bestemødre og sleppe å kombinere det med dagmammajobbing også.

Så pluteseg fekk eg ein kjekk og uventa telefon frå ei hyggeleg dame frå Liadal barnehage. Benedicte var hjarteleg velkomen til å begynne i barnehagen der ute. Jubelen i stua sto i taket! HURRA!!! Brikkene fall endeleg på plass, og vi kan senke skuldrane fram mot jul og kose oss desse siste permisjonsdagane. Har høyrt mykje positivt om denne barnehagen, så eg trur at Benedicte heilt sikkert får det godt og trygt i denne barnehagen saman med mange andre born.

5 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Så bra! men litt synd du ikkje kunne sende ho over veien..

HO E SÅ SØT!!! :-)

He ei utfordring til dej!

joanna sa...

Så kjekt at det ordna seg med barnehageplass for vesle frøken! Tenker at du kan trekke pusten gjen, no som ting har ordna seg.

Klem Joanna

Astrid sa...

Forstår at du er letta over barnehageplassen når du no skal tilbake på jobben etter mammapermisjonen!
Eg skulle ønske at eg kunne vere heime i eitt år til... Har absolutt ikkje den same gløden på jobb utanfor heimen no når ungane er små. I år er det første gong dei har full barnehageplass -og eg kjenner det dårlege samvetet gneg mang ein gong fordi eg skulle hatt meir tid i lag med dei. Dei veks så fort og eg har så lyst å vere meir i lag med dei!!
Samtstundes så trur eg at dei storkosar seg i barnehagen og det er sikkert til tider mykje kjekkare å leike saman med jamaldringar i staden for å snare rundt buksebeina til mora...:)

Fint bilete av vesle Benedicte -ho er no berre så skjønn:-)

Lukke til med tilvenjinga!

Astrid sa...

Har noko til deg på bloggen min:)

AnneGrethe7 sa...

Flott at det ordna sej med barnepass:)
Fint bilde i avisa i dag...så søte atte:)

Ønskjer dej ei fin veke :)
Klem

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.