For ei tid tilbake, rydda eg i bokhyllene mine. Då kom eg over denne boka her. Det er i bok med teksta til Musevisa og flotte bilete som illustrer teksta. Boka fekk eg av mamma då eg var 4 år, eg hugsar framleis kor spennande eg synest denne songen var.
Teikningane i boka er flotte og fargerike. Det viser godt på boka at den er blada mykje i, eg må til å legge kontaktpapir på slik at den ikkje skal gå heilt i oppløysning i ryggen.
I går kom det fram at det siste verset i denne songen, ikkje er teke med, verken i denne boka eller i nokon andre songbøker. Grunnen er vel at verset var vel dramatisk for små og sarte barneskjeler.
Her er i allefall det "bortgøymde vers":
De feiret julekvelden til det ble langt på natt,
men så ble alle spist opp av en sulten gammel katt.
Men ikke bli nå lei deg for alle disse små,
de svevde opp til himmelen med englevinger på.
Når julekvelden feires til neste år en gang,
da synger alle sammen en himmelsk julesang.
2 kommentarer:
hehe.. syns det va bra det verset vart forandra.. det passa liksom litt bedre med et lite håpe om at det kunne gå bra!! hehe!
FIN BOK!
Monica
har ei utfordring til deg!
Monica
Legg inn en kommentar