Vi har endeleg fått oss pus igjen.
Den forrige som vi hadde var verdens snildaste og godaste, men den var litt for glad i å legge seg i vogna til Benedicte - så den måtte vi sende til dei evige jaktmarker, så no passar han porten saman med St. Peter.
Vi er litt usikre på kva det nye tilskuddet skal heite, men det kan sjå ut som det anten blir Siv eller Mjau, vi får sjå. Kjenner eg meg sjølv rett, så blir det vel berre til at vi kallar den for Pus.
Stakars pusen var vetskremt av Benedicte. Ho elskar dyr og pusen var midt i blinken for henne. Pusen var klok nok til å søke dekning under kommoden i gangen, men Benedicte klarte på uforklarleg vis å lokke den fram.
Benedicte kosar og kosar, men det ser ut til at pusen ikkje set så stor pris på det... stakar lissjepusen.
Den obligatoriske kattaleika måtte studerast nøye før den kunne takast i bruk. Den måtte vel kvalitetssikrast først.
Benedicte storkosa seg med pusen, dei kjem nok til å bli gode venar. Det var litt spennande og litt skummelt å leike med den.
Sjå kor kjekt dei har det.
Sjå verdens nydligaste lissje kosepus. Vi skal ta godt vare på den Bente.
Ha ei fortsatt fin veke alle der ute i den store og vide bloggverden
3 kommentarer:
For ein nydleg pusevenn dokke har fått dokke! Dokke får nok mange kjekke stunder saman med ho:)
Me har også ein slik liten rakkar. Kjekt med dyr, ungane er hvertfall veldig glad i han ;)
Ha ei koselge veke både to og firbeinte :)
Sjå der var Mau, kjekt for dei små å ha dyr i huset. Mykje kos og litt klor følger med, så kjekt å sjå Benedicte i dag, blitt så stor jente:-)
Legg inn en kommentar