mandag 13. april 2009

No takkar dei for denne gong... på gjensyn

Påska går mot slutten og det er på tide å ta vekk påskepynten. Eg har ikkje så mykje påskepynt - mykje av den ligg på hytta, for det er der vi brukar å vere i påska, men litt har eg heldigvis her heime også.



Denne nydeleg kyllingen har Benedicte laga i barnehagen. Det er handavtrykket hennar som er utgangspunketet, så har dei limt på nebb og fjøyrer. Den var berre nydeleg. Tusen takk for den vennen min.




Desse søte små kyllingane av ull, er det Silje som har laga til meg. Dei er kjempesøte og har fått stå i vinduskarmen på stova og kika på oss og gjeremåla våre i påska.
Denne vesle hønefamilia har stått på stovebordet, eller vore på diverse ekskursjonar saman med Benedicte. Det er egentlig stearinlys, men eg har ikkje hjerte til å kveike på dei, så desse har overlevt mang ei påske.
Denne høna er nyinnkjøpt av året. Joakim synest at den var såååå stilig, at vi berre måtte kjøpe den.
Denne høna har eg strikka og tova. Den sit i einsam majestet på eine kjøkkenhylla mi. Den var kjempeartig å strikke, men utruleg kjedeleg å fylle og montere. Eg har faktisk ein heil hønseflokk liggande klar til montering, men det får bli til eit anna år... denne stakaren får vere einsam enn så lenge.
Denne vakre buketten med kvitveis har storejenta mi Silje plukka itl meg. Det er så kjekt når ein blir overraska med slike små og søte bukettar. Kjekke storejenta mi.

Ja, det var ein smakebit av påskepynten her hos oss, som de sikkert har sett, er eg ikkje nokon stor fan av masseproduserte keramikkyllingar, men set desto større pris på små og søte heimelaga unike kyllingar.

Det skal bli godt når kvardagen kjem tilbake og vi fell inn i den gamle rytma att.

Ha ei flott veke alle saman.

7 kommentarer:

Ida Mari... sa...

Ja no er det gjort for i år..Det har våre ei herleg påske for vår del..Men ser at dykk har hatt sjukdom i hus..Det er som verst når det er dei minste som er hardast råka..
Eg ventar med å pakke vekk det lisje eg har av påskepynt til morgondagen..No skal eg kose meg med den siste påskekrimmen..
Ha ein fin kveld :)

Veronika sa...

Kjempe fine påskepynt da. Likte spesielt godt den kyllingen av handavtrykk. Den ideen skal eg ha me meg te neste års påskepynt i barnehagen:)

~♥~ Monica S sa...

Fin pynt! (he svært lite å pakke vekk her i huset, hehe)

HAdde vore godt med etpar daga til syns ej.. (men så he ej vore på jobb innimellom)

♥bagatellar♥ sa...

Stakkar vesle Benedicte og stakkars mamma, har verkeleg vore litt av ein "ferie" forstår eg. Håper inderleg at alle saman er friske no og at de slepp meir sjukdom på veldig leeeeeeeeeeeeeeeenge! Her har det ikkje vore den store pyntinga, litt gule blomster og mest påskesnop *kremt* har vore pynten her. Men sidan eg har vore sjuk, omtrent som stakkars Benedicte, så har eg gitt ein god drall i heile pyntinga... Satsar på at det blir bedre neste år.. Så koseleg når storejenta kjem med kvitveis, snart er det vel veslesnuppa som kjem med bukettar til mor:-D

Tonje sa...

Heisann du! Søte høne. Eg har eit lite tips vedrørande dei tova hønene. Heilt sant, dei er kjedelige å fylle og montere. Derfor tenkte eg, heilt sjøl åleine faktisk, at i staden for å strikke...hekle med fastmaska! Kjempelett, og såååå fort gjort! Dermed reknar eg med at ALLE umonterte høner er fiks ferdig til neste påske;o)

Kosa dokke på hytta altså, var der att snø? Vi har stortsett vore heime. Ungane har overnatta vekke to netter, fikk NESTEN problem med fritida ;o)

Men du, noko eg har skulle spurt deg om lenge. Lagar dokke sjablongar på jobb? Evt ferdig utstansa eller må dei skjerast sjøl? Pris?

Snakkast, klem :o)

http://tonje.remhaugen.net

Tonje sa...

Las ikkje forrige innlegg før eg kommeterte dette....:-/ INGEN hyttetur altså, trist. Veit kor godt dokke likar dokke der. Kjekt at ho begynner å kome seg til hektene att, akkurat tidsnok til kvardagen igjen ;o)
Fortsatt god betring :o)

Dagny- Heim sa...

Kjempesøte ulldott.kyllingar :-) Synd dei får stå så kort framme...

Kvitveis er favoritt. Har t.o.m. dukka opp i beda mine.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.