fredag 13. februar 2009

Tidsfordriv

Sidan eg er sjukmeldt, brukar eg dagane til å slappe av og strikke litt. Forma er ikkje heilt på topp enda så då er det godt å kunne kveile seg opp i sofaen med eit strikk mellom hendene.

Eg har strikka meg to nye kjøkkenklutar som berre er sååå gode å bruke. Eg er så lei av desse billegklutane som du kjøper på "rull" og som loar og blir utslitne med ein gong, difor tok eg saka i eigne hender. Eg har strikka meg to nye og gode klutar som berre ventar på å bli brukte.

Klutane er enkle og raske å strikke. Eg legg opp ca 50 maskar med dobbel bomullstråd og strikkar ein omgang med rette maskar og ein omgang med rette og vrange maskar annankvar, så ein omgang med rette osv. Dette gjer eg til ønska størrelse.


No er eg i full gang med eit nytt par med tjukkelestar til Silje. Eg brukar ein god og tjukk tråd og tjukke pinnar så her går det unna. Har fått heilt sansen for bambuspinnar når eg strikkar, det er berre fantaststisk godt å strikke med.
Tråden eg brukar er farga med mange ulike fargar, så når eg strikkar blir det eit slags stripemønster. så her blir ingen lestar like, men det er berre artig det.

Ha ei strålande helg alle saman!

4 kommentarer:

Anna Lisa sa...

Fin farge på hjertegarnet. Må ta meg en tur g kjøpe. Strikkar mykje av dette garnet. Syns det er så gøy.
Ha ei fin helg
Klem

AnneGrethe7 sa...

Flotte strikka-produkt...ingen dum ide med klutane, har slike i vaskeklutar og dei er knallgod...
Og garnet med fleire fargar er artig, såg dei hadde slik som laga mønster også...hehe...lett skal d vere og det elska ej.)

God betring!

Klem

♥bagatellar♥ sa...

Desse klutane er berre supre, har strikka fleire som eg har gitt vekk og det har flat i smak hos mottakaren. Kjekt med noko fint også når ein skal tørke av kjøkkenbenkane:-) Trur eg la opp 40 maskar, men blei no ok størrelse på dei også.

Tove sa...

Wow - kor flink du er!!! Bra du har noko å slappe av med når du går sjukmeld! Vonar du straks er rask og pigg igjen! Her går fredagskvelden med til eit strikk i sofakroken...

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.