onsdag 29. juli 2009

Ut på tur

Jada vi har ferie og neida vi har ikkje vore langvegs avgarde. Veit ikkje heilt om det blir nokon ferietur på oss no i sommar. Vi får sjå til hausten om det dukkar opp litt ferie då.


For å fylle dagane og gje borna litt variasjon til kvardagen prøver vi å få til litt utflukter som vi ikkje gjer så ofte til vanleg (på grunn av den unemnelege tidsklemma).

Mandag pakka vi sekken og køyrde ut på Rjåneset, og standa der ute. Ei lita perle ved fjorden.


Joakim og Benedicte kosa seg i fjøresteinane,. Det var mykje rart som dukka opp då vi snudde på steinane. Det er kjekt å undre seg saman med borna og tåre å la tankane og idèane strøyme på. Tørre å vere litt barn igjen.





Vi hadde med oss pølser og brød som vi spidda på bål som Arild og Joakim laga til. Deilig med mat ute i naturen.



Vi kosa oss vel og lenge der ute, trur faktisk vi var der i nærmare seks timar. Og på alle dei seks timane hadde vi heile stranda for oss sjølve. Ja, ja bortsett frå tante Marita og onkel Eivind som tok seg ein tur og heldt oss med lag ei stund.




I dag har vi vore på fisketur ut på fjorden, bilder frå den turen lyt eg få ha til gode.


ha ein fin sommar vidare alle saman.

onsdag 1. juli 2009

Eit lite livsteikn

No er det lenge sidan eg har blogga, Har rett og slett ikkje hatt ånda til å sette meg ned framfor maskina. Skal prøve å bli litt flinkare til å oppdatere den no, men lovar ingen ting... Det er sommar og eg er litt i feriemodus, sjølv om eg har tre veker med jobb framføre meg før eg kan ta ferie.


Sidan sist eg blogga, har vi endeleg fått oss hage. Her har vore gravemaskine og planert hagen og husbonden har sått plen, no er den blitt grøn og fin på avstand (ikkje på nært hald, men det kjem vel etter kvart får vi håpe). Kjem kanskje eit blogginnlegg om det seinare, vi får sjå.



Det er spennande tider for Benedicte, mykje nytt å sjå på og undre seg over. Alt skal kjennast på, smakast på og luktast på. Alle sansar blir tekne i bruk, ikkje alltid med like stort hell, men alt må lærast - og det er kjekt å sjå kor flink ho er blitt lisje snuppemora vår.




Det å blåse løvetann, er ein liten kunst...


Dette vart visst feil...





Å ha ein storebror som elskar fart og spenning gir alternative måtar å bruke dokkevogna på, Dukka blir liggande fint i senga si, medan dokkemammaen tar ei lita rallyrunde med dukkevogna.

No skal eg ut å nyte siste rest av den deilige sommarkvelden.

Ta vare på kvarandre og dei de er glade i, livet er så skjørt - det har nok ein gong vist seg at skjebna er rå og brutal og slår ned som lyn frå klar himmel der ein minst ventar det.

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.