søndag 8. februar 2009

Ein fantastisk dag

Vi vakna til sol frå ein nesten skyfri himmel i dag også. Vi er jammen heldige som er priviligert med så mykje fint vêr desse elles så dystre og tunge vintermånadane.



Sjølv om det var morsdag, og eg hadde fått innvilga å få sove lenge, måtte vi benytte oss av det flotte vêret.


Vi pakka sekken med mykje godt og ete (god niste, sjokolade og kjeks) og kakao, pakka i bilen og tok laust.


Vi har ikkje vore så flinke med dette å gå på bortoverski dei siste åra, det er liksom slalom som er blitt vår greie, men sidan vi skulle ha med oss Benedicte, var det bortoverskia som måtte børstast støv av i dag. Ho kosa seg og hadde det godt og varmt nede i pulken som pappa drog.



Då vi er best på å orientere oss i løypene på Bondalseidet ovanfrå og ned og ikkje omvendt, tok vi sjølvsagt feil løypevalg og enda opp med bratte bakkar og ein litt småsur Joakim. Han poengterte mange gongar at det var bortoverski vi skulle på og ikkje oppoverski... Med litt lokking og muskelkraft fekk vi oss ein flott tur oppover i løypene.

Eit stykke oppover dei brattaste bakkane, måtte Arild drage både Joakim og Benedicte på pulken.


Her kosar vi oss med nista vår.





Flott utsikt utover Ørstafjorden

Vi hadde egentlig tenkt oss på Åmskaret, men det for bli neste gong når vi får velge rett løype frå starten av.





ha ein fortsatt strålande morsdag alle flotte bloggmammer

3 kommentarer:

~♥~ Monica S sa...

Kor kjekt då!!! Bortoverski e no bra koselig det også, når ein fyst e i gong....

Monica

Anna Lisa sa...

For en koselig dag dokke har hatt.
Ja vi er jammen heldige med flott vintervær i det siste. Men blei litt skuffet over snøen som kom nå. Syns det er greit med snø oppe i fjella, men vil gjerne ha bært her nede på bakken :) Man kan jo ikkje alltid få det som man vil :)
Ha en fin dag!!
klem

Englemor sa...

For ein kjekk morsdag du har hatt:)
Er kjekt med bortoverski med tilhørande niste. Å i dette nydelige veiret som har vore, er det berre å komme seg ut:)
På slike dagar so lengtar eg med fram mot påska og hyttetur:)
Ha ei fin veke vidare

Å VÆRE STERK

Å være sterk er ikke å aldri falle, å alltid vite, å alltid kunne.
Å være sterk er ikke å å orke og le, å hoppe høyest eller ville mest.
Å være sterk er ikke å løfte tyngst, eller å alltid lykkes.
Å være sterk, er å se livet som det er, å akseptere dets kraft, og ta del i det.
Å være sterk er å falle til bunnen og slå seg hardt
- og komme tilbake.